I 1969 rykket klubben for første gang opp til norsk fotballs høyeste nivå, og oppnådde året etter sin hittil største sportslige prestasjon da laget debuterte med bronsemedalje i serien. Siden har klubben vekslet mellom de tre øverste nivåer, uten noen større sportslige resultater å vise til. Med sju nedrykk er Ham-Kam det laget som flest ganger har måttet ta steget fra toppserien og ned i divisjonen under. Laget har kommet til semifinalen i norgesmesterskapet seks ganger, men aldri tatt seg til finalen. Les mer..
Han er kjend for ein kortfatta diktstil der han skildrar kvardagslege ting og samtidig får fram ein djup livsvisdom. Dikta hans har vorte samanlikna både med den norrønesagastilen og japanskehaikudikt. Mange av dei beste dikta til Hauge er likevel sonettar, dikt der han sameiner ei streng form med eit grenseoverskridande innhald. I lyrikken til Hauge er landskapet og naturen tydeleg til stades, både reint konkret og i symbolikken. Hauge var svært godt orientert i eldre og nyare europeisk og amerikansk lyrikk, gjennom omfattande lesing og sjølvstudium.
Hauge debuterte i 1946 med samlinga Glør i oska, som inneheld dikt i tradisjonell form. Frå og med samlinga På Ørnetuva skjer det ei påtakeleg formell nyorientering mot eit modernistisk formspråk. Samlinga Dropar i austavind frå 1966 er vorten ståande som eit høgdepunkt i forfattarskapen. Hauge fekk Doblougprisen i 1969 og Aschehougprisen i 1978. I februar 2006 vart han heidra med eit frimerke (NK 1598). Les meir…